jentetreff


Frå venstre: Torunn Steimler - kunderådgjevar i Bergen, Julie Kristin Ness - kunderådgjevar i Bergen,
Stine Thue - kunderådgjevar i Bergen og Ingvill Hestenes - salsleiar i Nordfjord

PRESSE PÅMELDING KONTAKT OSS

Mot er å våge!

Vi jenter er flotte, smarte, ressurssterke - og det treng vi påminning om. Vi treng også å bli utfordra - til nettopp å våge! Sparebanken Sogn og Fjordane ønskjer å setje kvinner i fokus, inspirere og utfordre – difor inviterer vi til Jentetreff i Bergen i haust.

På Jentetreffet får du treffe fleire som har hatt mot til å ta eigne val og følgje draumane sine. Steinar Sørli, kulturentreprenør og ein av karane fekk Kiri Te Kanawa til gards i Bygstad. Vi får òg treffe den rosa rebellen Mariann Thomassen, som vil snakke om det å vere annleis i ei lita bygd, jantelova og om viktigheita av å ha trua på seg sjølv. Vi får smake på regionale merkevarer frå Sogn og Fjordane med ein moderne vri. Christel Eide frå "Mitt Lille Kjøkken" står for serveringa.  I løpet av kvelden får vi også høyre smakebitar frå den unge debutanten, artisten og låtskrivaren Thea Hjelmeland. Arrangementet startar med eit 30 min. fagseminar som har fått tittelen "Vi avbles finanskrisa?!".

Jentetreffet er ope for eksisterande og potensielle kundar. Tal plassar er begrensa – så det er første mann til mølla.


Invitasjon      Påmelding


Bergen (Sjøfartsmuseet) - torsdag 22. oktober, kl. 19:00 - ca. 22:30

 

Sparebank Sogn og Fjordane på Facebook