jentetreff


jentetreff

STARTSIDE PÅMELDING KONTAKT OSS

Presse

Sparebanken Sogn og Fjordane arrangerte Jentetreff i Sogndal, Førde, Florø, Eid og Måløy i mars. I oktober blir det jentetreff i Bergen. Som tidlegare, er tema for Jentetreffet "Mot til å våge".


Operafantom og rosa rebell

Dei to hovudattraksjonane i år er Steinar Sørli og Mariann Thomassen. Steinar Sørli er ein av karane bak Åmot Gard, og skal fortelje om det å vende blikket mot stjernene og realisere sine draumar.. Mariann Thomassen fortel om det å vere annleis i ei lita bygd, jantelova, gi faen mentaliteten og viktigheita av å ha trua på seg sjølv.

Ung debutant med sterk identitet

Dei musikalske innslaga under Jentetreffet er det den unge debutanten, artisten og låtskrivaren Thea Hjelmeland som står for. Ho har ei stor stemme og et velutvikla scenetilvære og trakterar alt frå mandolin, banjo og ukulele til gitar og piano. I haust er Førde-jenta klar med sitt debutalbum.

Fagseminar

Tema for fagseminaret er finanskrisa i eit nytt perspektiv. Har finanskrisa verkeleg råka Norge i den grad vi forventa? Har den vanlege dama i gata endra sine forbruksmønster eller fått det så mykje verre? Kan det vere rett at 90% av denne krisa er rein mentalitet, og 10% realitet? Leon Bakkebø, regionbanksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, gir oss svaret.

 

 

Kortreistmat

Vi ønskjer å fokusere på regionale merkevarene frå Sogn og Fjordane. Difor har vi fått med oss matkunstnaren Christel Eide frå ”Mitt Lille kjøkken” som serverer kortreist mat og drikke.

Kvifor jentetreff?

Målsettinga med Jentetreffa er å skape ein arena for kundepleie av eksisterande kundar, og ein innfallsvinkel mot potensielle kundar. Den primære målgruppa er jenter/kvinner i alderen 25-50 år.

Pressekontaktar:

Pressekontakt Bergen:
Anne Christine Eek Skage
E-post: anne.christine.eek.skage@ssf.no
Tlf: 57 83 31 36

Pressekontakt konsern:
Reiel Haugland
Tlf: 410 27 905


Last ned pressebilde i JPEG (ca. 6 MB)

Pressebilde i Photoshop format (ca. 149 MB)